header-sognfjordanex1020

 

 

Foto: Knut Osvoll

Frå 4. til 6. oktober var i alt 275 dansarar frå heile fylket samla til det årlege dansetreffet i regi av Seniordans Norge, region Sogn og Fjordane. Og dansen gjekk livleg frå morgon til seine kveld. Her var det blide fjes dagen lang, og dei gjekk ikkje av vegen for å hive seg ut i alt frå vals, pols, linedans og tango til salsa og swing. Og hand- og fotarbeidet til WMCY og macarena blei gjort med liv og lyst. Det var og lagt inn tid til kulturturar, så dei som ville kunne få med seg byvandring langs Jølstra, besøk på Sunnfjord museum, Kunsmuseet, eller sjå på utsmykkinga i Førde kyrkje. Om kveldane var det underhaldning med både alvor og humoristiske innslag, og setningar som " eg har ikkje ledd så godt på lenge" og  "dette  er det kjekkaste eg har vore med på", var ærleg meint. Førde Seniordans, som hadde fått ansvaret for dei kulturelle innslaga, flinke instruktørar, 17 i alt, og gode underhaldarar og spelemenn må ta mesteparten av æra for det.

Gunvor

 


Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)