header-sognfjordanex1020

Også i år vart Dansens Dag arrangert i Askvoll.

Torsdag 09. august samlast ca 100 seniordansarar i samfunnshuset til felles seniordans. 

Dette er eit opplegg i Dalsfjordveka, og er eit samarbeid mellom danselaga i Gaular, Fjaler og Askvoll.

Det var også med dansarar frå Hyllestad, Florø, Førde og Naustdal.

Instruksjonen gjekk på omgang mellom arrangørlaga, og det fungerte fint.

Vi dansa mykje forskjellig, både heilt enkle dansar og litt meir krevjande. Så der var noko for alle.

Laget frå Dale hadde øvd inn ein dans frå Dansk 19 som dei viste i matpausen, og dei fekk velfortent aplaus.

Samfunnshuset stod for matsalget. I år var det betasuppe med brød til som stod på menyen. Kaffe og fleire sortar kake kunne vi også kjøpe.

I pausen las Margrethe eit dikt om dans, og eit lite stykke om å vere fornøgd med seg sjølv.

Frå Dagfinn fekk vi nokre stubbar og eit dikt frå Jakob Sande.

Litt allsong vart det også tid til.

Etter nok ei ykt med seniordans, vart dagen avslutta med litt gammaldans.

Ole Harry og Svein hadde med seg trekkspel, dei sytte for musikken. Så var nok ein fin Dansens Dag over, og som alltid når ein har det kjekt i lag, gjekk tida alt for fort . 

Annemor 


Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)