header-sognfjordanex1020

Nok eit Seniordansetreff i regi av Seniordans Norge, region Sogn og Fjordane, er historie. 

 

Foto: Knut Osvoll 

2. - 4. oktober var 240 seniordansarar frå heile fylket  samla på Alexandra Hotell i Loen til seniordansetreff. Dyktige instruktørar leda dansen i fire salar, og det var nok å bryne seg på både for kroppen og hodet. På bildet ser du dansen i Loensalen, leda av Ragnar Spiten.

Om nokon ikkje fekk nok dans i løpet av dagen, var det mogleg med dans til levande musikk på kvelden. Den første kvelden fekk vi også trimma lattermusklane då Torstein Tvinnereim med tonefylgje underheldt med skjemt og litt alvor. Etterpå var det dans til tonar frå Taklo og Sjåstad, som også i år gleda oss med fengjande danserytmer. Andre kvelden stilte Eid Spelemannslag opp med 9 manns orkester!

Hoven seniordans

Onsdagen fekk dei som ville ete lunsj på Hoven, 1000 m.o.h. Sjølv om veret ikkje var det beste, var turen opp og ned med Loen Skylift ei oppleving. Dei som gjekk ut av restauranten fekk smake på vinteren. Med 15 cm nysnø var ikkje joggesko rette fottøyet.

Seniordans Norge, region Sogn og Fjordane har knappe 700 medlemmer, og meir enn tredelen deltok på dansetreffet. Flott hotell, god mat, men ikkje minst å treffe igjen dansevener frå heile fylket og få dansa i lag, prata og ledd ilag, gjer dansetreffa så populære. Vel møtt til nytt treff i Balestrand om eit år.

LiseTennebø, regionsleiar                                              

 

 

 

 

 

 

 

 


Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)