header-sognfjordanex1020

Seniordansarane i Askvoll har feira dei første 15 åra med stil!
seniordansarane AskvollAskvoll har eit godt og nært samarbeid med danseringane i nærliggande kommunar. Dei hadde invitert mange gjestar frå desse laga. Dessutan var ordføraren og regionsleiaren i Sogn og Fjordane Seniordans blant gjestane.

Laget fekk fortente helsingar og blomar, spesielt var Annemor framheva som ein framifra leiar som sto på for seniordansen.

Mat høyrer med på ei jubileumsfeiring, og her var det både betasuppe og eit rikhaldig kakebord.

Dansarar frå Askvoll og Førdefjorden synte oss at dei beherska innvikla korreografi der hode og kropp må spele på lag. Til slutt fekk alle vere med i dansen.

Eit vellukka jubileumsarrangement!


Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)