header-sognfjordanex1020

Askvoll 2019pdfMandag 18. februar hadde vi i Askvoll besøk av Gulen Seniordans. Atløy og Førdefjorden var også med, så til saman var vi 50 dansarar som møttes i Samfunnshallen i Askvoll kl. 13.00. Vi fekk god betasuppe, levert av Kroa. Dansarane frå Gulen tok ekspressbåten frå Bergen, difor måtte vi starte så tidleg.

Etter at suppa var fortært, var det tid til ein god time med seniordans, før det var tid for kaffipause. Kakene var laga av damene i seniordans. Karane tok seg av serveringa både av suppe og kaffi. Det vart også tid til litt program og allsong, før det vart meir seniordans. Vi dansa både nye og gamle dansar, instruksjonen gjekk på omgang. 

På kjøkenet var det Marvin, eine volontøren i Askvoll, som rydda og vaska opp etter oss.Takk for det.

Vi hadde ein veldig fin ettermiddag, det freistar til gjentakelse. Men nokre av gjestane skulle rekke båten, og tida går så altfor fort når vi har det kjekt.

 

Annemor. 

 


Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)