header-sognfjordanex1020

Fin 10-årsfeiring i Storstova på Lærdalsøyri skule 

Torsdag 1. desember var det pynta til fest i Storstova. 

Styret hadde pynta Storstova vakkert, og maten var nydeleg. Heldige gjester var seniordansarane i Lærdal og Årdal og regionleiaren med følgje. Så kom Bodil, som hadde starta dansegruppa, heilt frå Oslo. Anna hadde skrive song, Audun spelte trekkspel og Kari hadde historikk. Jakob leia oss gjennom ein svært triveleg ettermiddag. I dag var det god reportasje frå jubileet i nettavisa Porten i Årdal.

Takk til styret for ei svært triveleg markering.

Her ser de styret og instruktørane i jubileumsåret.

 

 

 

Innkalling til årsmøte i SN Region Sogn og Fjordane

 

Stad og tid: Thon Hotel Jølster (Skei hotell) 8. februar 2016 kl 12.00

Frammøte og registrering kl 11.00 ( Betaling på førehand til konto 3705.06.98301)

                   Sakliste

1. Godkjenning av innkallinga

2. Godkjenning av utsendingane. Namneopprop

3. Val av referent

4. Val av 2 til å underskrive møteprotokollen

5. Val av møteleiar

6. Årsmelding for 2015.

7. Vedlegg 1

8.Revidert  rekneskap for 2015

Vedlegg 2

9. Budsjett for 2016

Vedlegg 3

10. Arbeidsplan for 2016

Vedlegg  4

11. Val

Vedlegg 5

12. Det store dansetreffet

Vedlegg 6

Sandane 28.01.2016

Olaug Bakke Gjengedal

-regionleiar-

Dansetreff i Askvoll

Måndag 11 mai inviterte Askvoll seniordans til treff i samfunnshuset. Dei inviterte var Naustdal, Førdefjorden og Atløy Seniordanslag.  Ca 60 dansarar vart vi. Og vi dansa mange forskjellige dansar, frå «Den lille valsen» til musikk av Alf Prøysen i sønnavindvalsen, frå det tidlegaste kurset og «Opretten Meadly « frå det siste. 2 timar med variert dans og musikk. Til servering hadde medlemmane i Askvoll laga gode smørbrød, og masse gode kaker. Ein trivelig ettermiddag som vi håpar at vi kan ta oppatt ein gong når hausten kjem.

Arr: Askvoll seniordanslag

 

Til nye høgder!

Det årlege dansetreffet i Sogn og Fjordane hadde rekorddeltaking i 2014. Over 300 dansarar hadde meldt seg på, og nesten like mange møtte fram på Sunnfjord Hotel i Førde 15.-17. oktober.

Florø Seniordans 10 år 

I Florø kunne dei også feire 10-årsjubileum for seniordansen.Det blei ein fin vårfest med alt som høyrer til på eit jubileum:Borda var fint dekka, Anbjørg hadde morosame glimt frå historia, det var takk og blomster, og jammen var det levande musikk til dansen!

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)