header-sognfjordanex1020

Også i år vart Dansens Dag arrangert i Askvoll.

Torsdag 09. august samlast ca 100 seniordansarar i samfunnshuset til felles seniordans. 

Dette er eit opplegg i Dalsfjordveka, og er eit samarbeid mellom danselaga i Gaular, Fjaler og Askvoll.

Det var også med dansarar frå Hyllestad, Florø, Førde og Naustdal.

Instryksjonen gjekk på omgang mellom arrangørlaga, og det fungerte fint.

Vi dansa mykje forskjellig, både heilt enkle dansar og litt meir krevjande. Så der var noko for alle.

Laget frå Dale hadde øvd inn ein dans frå Dansk 19 som dei viste i matpausen, og dei fekk velfortent aplaus.

Samfunnshuset stod for matsalget. I år var det betasuppe med brød til som stod på menyen. Kaffe og fleire sortar kake kunne vi også kjøpe.

I pausen las Margrethe eit dikt om dans, og eit lite stykke om å vere fornøgd med seg sjølv.

Frå Dagfinn fekk vi nokre stubbar og eit dikt frå Jakob Sande.

Litt allsong vart det også tid til.

Etter nok ei ykt med seniordans, vart dagen avslutta med litt gammaldans.

Ole Harry og Svein hadde med seg trekkspel, dei sytte for musikken. Så var nok ein fin Dansens Dag over,og som alltid når ein har det kjekt i lag, gjekk tida alt for fort . 

Annemor 


Her er datalærar Lars og  deltakarane på datakurset i Måløy.

På årsmøtet til Sogn og Fjordane Seniordans i februar kom det fram ønskje om leiarmøte/kurs i data for lagleiarar/andre i lokallagstyra.

Styret har arbeidd vidare med saka, og no er første kurset gjennomført.

Kurset vart halde i Måløy for lagleiarar/andre i lokallagsstyra frå Nordfjordregionen og Bremanger.

Regionstyret vonar å få til liknande kurs både i Sogn og i Sunnfjord til hausten.

På programmet står e-post, Heimesida til Seniordans Norge, Brønnøydundregisteret, Studieforbundet kultur og tradisjon og rekruttering til Seniordans. Og sjølvsagt mat og prat.

Med foto av dei blide kursdeltakarane ønskjer vi alle seniordansarar i regionen ein god sommar.

 

 

Seniordansarar frå Askvoll, Førdefjorden, Kyrkjebø, Viksdalen, Florø, Hyllestad, Naustdal, og Førde reiste i samla tropp til Gol der seniordans var målet for turen. Annemor arrangerte denne kjekke turen der me fekk treffe seniordansarar frå Gol.

Det er fjerde gangen turen går dit, der me vart godt mottekne. Hotellopphaldet med god mat og dans i fleire økter, fekk tida til å gå fort.Om kveden var det vanleg dans med hotellet sin blide musikar, som tydeleg såg ut til å vite kva musikk seniorane likte. Ein vellukka tur der alle kom seg vel heimatt. Takk til Annemor som står på og får dette til år etter år. 

 

  

Laurdag 14. april var det danseleiartreff på Borgja. Omlag 90 dansarar deltok.
Vi dansa i fire timar under Gunn si dyktige leiing. Men det vart også tid til betasuppe, kake og kaffi, og ein god prat med dansevener. Ein slik fin dag gjev inspirasjon til å stå på vidare for seniordansen.

 

Seniordans Kyrkjeb7.mars vitja Hyllestad Seniordans oss i Kyrkjebø Seniordans.

Hyllestad var godt representert, litt fråfall frå Kyrkjebø denne dagen av ulike årsaker.

Svært kjekt å få vitjing frå andre lag, og det vart ein kjekk ettermiddag/kveld.

Fjaler vitja oss 21. februar saman med Gaular Seniordans,

som me dansar fast med ein gong i månaden.

 

Helsing Kyrkjebø Seniordans

 

26.februar var ca 60 seniordansarar samla i Askvoll samfunnshus. Då hadde Askvoll og Førdefjorden seniordans invitert Viksdalen, Gaular, Fjaler og Atløy til ein hyggeleg ettermiddag. Vi hadde to danseykter, og ein matpause med gode smørbrød og kaker laga av seniordansarar. I matpausen fortalde Dagfinn historier og las frå Jacob Sande, Annemor las dikt. Song gjorde vi og. Instruksjonen i danseyktene tok Førdefjorden og Askvoll seg av. Ettermiddagen gjekk så alt for fort, slik den gjer i hyggeleg lag.

 

Helsing Askvoll seniordans

 

 

 

 

Foto: Knut Osvoll

Frå 4. til 6. oktober var i alt 275 dansarar frå heile fylket samla til det årlege dansetreffet i regi av Seniordans Norge, region Sogn og Fjordane. Og dansen gjekk livleg frå morgon til seine kveld. Her var det blide fjes dagen lang, og dei gjekk ikkje av vegen for å hive seg ut i alt frå vals, pols, linedans og tango til salsa og swing. Og hand- og fotarbeidet til WMCY og macarena blei gjort med liv og lyst. Det var og lagt inn tid til kulturturar, så dei som ville kunne få med seg byvandring langs Jølstra, besøk på Sunnfjord museum, Kunsmuseet, eller sjå på utsmykkinga i Førde kyrkje. Om kveldane var det underhaldning med både alvor og humoristiske innslag, og setningar som " eg har ikkje ledd så godt på lenge" og  "dette  er det kjekkaste eg har vore med på", var ærleg meint. Førde Seniordans, som hadde fått ansvaret for dei kulturelle innslaga, flinke instruktørar, 17 i alt, og gode underhaldarar og spelemenn må ta mesteparten av æra for det.

Gunvor

 

Torsdag 10. august var det Dansens Dag i Askvoll. Det har vorte tradisjon at torsdagen i Dalsfjordveka står dans på programmet. Det er seniordanselaga i kommunane Askvoll, Fjaler og Gaular som står for dette. Også i år var det ordføraren  i Askvoll, Frida Melvær, som ynskte velkommen. Tilsaman var vi nær innpå 100 dansarar. I tillegg til dansarar frå seniordanselaga i Hyllestad, Kyrkjebø, Florø og Naustdal, fekk vi besøk av åtte dansarar frå Gol. Dei dansa også Hallingspringar, og dei hadde på Hallingbunad, så det vart eit ekstra fint innslag. Etter seniordans, matykt med diktopplesing og historier, tok Svein og Ole fram trekkspela sine, sette seg midt på golvet og spelte fin dansemusikk som vi kunne svinge oss etter. Nok ein vellukka Dansens Dag.  

Annemor.                                                                                                                                        

Askvoll dansens dag

 

 

Tur til GolOgså i år hadde vi ein svært hyggeleg tur til Gol 29. - 31. mai.

Askvoll seniordans stod som arrangør av turen, og dansarar frå fleire nabolag vart med.

40 danseglade sunnfjordingar møtte like mange danseglade på Gol.

Der var også med nokre dansarar frå Geilo og Ål.

"Dette har blitt ein tradisjon", sa leiaren i Gol seniordans, Thor Alf Tollefsrud, då han ynskte oss velkomne.

Og velkomne følte vi oss frå fyrste stund.

Tirsdagen var det dans heile dagen, berre tid til matpause. Instruksjonen gjekk på omgang mellom laga. 

Om kvelden var det nokre frå Gol som viste oss Hallingspringar,

og etter middagen var det dans til hotellets orkester.

Onsdagen var det på nytt seniordans til lunsj og heimreise, med ein særdeles lattermild sjåfør.

Ein veldig hyggeleg tur frå først til sist.

Annemor

 

 

Gloppen seniordans

 

Gloppen Seniordans inviterte også i år breimingane til sommaravslutning i teltet i hotellhagen.

Sol og varme, god mat og mykje dans gjorde det til ein strålande sommardans.

 

 29.april seniordans 50Foto: Knut Osvoll

 

Over 50 danseleiarar var deltakarar på danseleiartreffet 29. april 2017.

Regionsstyret var for første gang ansvarleg for treffet.

Evalueringa var positiv. Mykje skryt av Borgja som stad for treffet, god dansesal midt i fylket.

Ikkje minst fekk Gunn mykje ros for måten ho instruerte på. God mat, og  kjekt å treffast var det også. 

 

Den 18. og 19. mars møttes nesten 50 danseledere til kurs på Borgja i Ålhus.

Gunn var en utmerket læremester i Internasjonale danser (ISDC 2016).

Vi lærte mange flotte nye danser, og nå er danseledere i full gang med å dele den nye kunnskapen med danseringer rundt om i fylket.

                             

jeg p Astruptunet

                         

    Hjelp! 

Jeg er valgt som webredaktør for heimesida til

Sogn og Fjordane seniordans.

Dersom dere har bilder/stoff dere vil ha inn på heimesida, så send det til meg.

e-postadresse: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Jeg legger ut referat fra styremøter, litt om kurs og danseledermøter, og ellers det jeg får tilsendt fra seniordanselag i regionen vår. 

 

Lise Tennebø - webredaktør for Heimesida til SN region Sogn og Fjordane.

 

Lærdal Seniordans iinviterte til 10-årsjubileum 1. desember.

Storstova på Lærdalsøyri skule var fint pynta, og maten var utsøkt god. Dansarar frå Lærdal og Årdal, regionleiaren med fylgje og Berit, som starta dansegruppa, var gjester. Berit kom heilt frå Oslo for å treffe dansevenene i Lærdal. Jakob leia oss gjennom eit triveleg program med sjølvskriven song av Anna, trekkspelmusikk med Audun og historikk ved Kari. Danse fekk vi også. I dag har det vore ein god reportasje i Porten, nettavisa i Årdal.

Takk til styret for ei fin markering.

Her ser de styret og instruktørane i jubileumsåret.

Dansetreff med juledansar

Over 40 dansarar møtte opp i Borgja for å lære dansar frå den danske CD-en Juledanse.

Vi hadde ein triveleg dag med kjende dansar til festlege julemelodiar.

Nå kan vi bruke dei på juleavslutningane våre rundt i regionen.

 

Gloppen Seniordans med stand på Sandane-dagane

 

Sandanedagane 2016

Ein litt kald og alvorleg start !

 

Sandanedagane 2016 1

 Men så kom publikum og smilet fram!

 

Torsdag 11 august vart det på nytt arrangert Dansens dag i Askvoll samfunnshus. Det er vorten ein tradisjon at ein dag i Dalsfjordveka er sett av til dans, og seniordans- laga i kommunane Gaular, Fjaler, og Askvoll går saman om å arrangere dette. I tillegg var det også med dansarar frå Kyrkjebø, Hyllestad, Solund, Florø og Førde. Mellom 80- 100 dansarar. Litt publikum hadde og funne vegen til Samfunnshuset.

Etter 1,5 time med seniordans var det tid med pause med høve til å kjøpe seg mat, betasuppe, kaker og kaffi. Maten var det Askvoll samfunnshus som ordna med.

Ole, Svein og Harry frå Fjaler seniordanslag hadde trekkspel med seg, dei tok plass på scena og spelte gamaldansmusikk. God dansemusikk som dansarane svinga seg til. Takk til Dykk, det var populært. Dagfinn deklamerte Jakob Sande, nokre skrøner fortalde han også. Takk også til Dagfinn.

Så vart dagen avslutta med Seniordans enno ein og ein halv time. Instruksjonen gjekk på omgang mellom arrangørlaga. Det fungerte heilt fint. Til slutt tok vi alle kvarandre i hendene og laga ring og song slik vi gjer kvar gong vi har øving. Ein hyggeleg dag i godt selskap.

Annemor

Dansens dag 2016

bilde 2016 nytt

Gode nabogrupper på felles dansetur til Pers Hotel

 

8. Juni sette 36 seniordansarar seg på bussen med kurs over fjellet og til Pers Hotell på Gol. Det var Askvoll Seniordans som stod bak, og arrangerte turen. Vi fekk med oss dansarar frå Førdefjorden, Førde, Hyllestad, Atløy og Jølster. Ein Glad gjeng. Heile torsdagen dansa vi saman med Gol seniordans. Etter middag torsdag kveld kom nokre frå Gol og synte oss hallingspringar. Dei var kledde i bunad så det vart fest over det. Fekk også Fanitullen og Åse fantemor deklamerte av Rasmus Støyva og Johannes Ness. Eit fint innslag. Fredag hadde vi også ei ykt med seniordans, før vi sette kursen heimover. Vergudane var på vår side heile tida, strålande sol frå klar himmel frå først til sist. Ein dyktig sjåfør, glade passasjerar og flinke dansarar. Så i år som i fjor ein strålande tur.

Annemor

 

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)