header-sognfjordanex1020

Styremøte onsdag 27.03.2019  kl. 12.00 på Sunnfjord museum, Haldbrendhuset.

 

Sak 15/19 Godkjenning av innkalling og sakliste.

Godkjend.

Sak 16/19- Godkjenning av protokoll frå styremøte 13.02.2019.

Godkjend.

Sak 17/19 – Danseleiartreffet 06.april.

Ola gjekk gjennom påmeldinga til treffet. Det er ca. 50 påmelde mot 90  i 2018.

Vi var einige om å forlenge påmeldingsfristen til 01.april. Lise sender ut skriv til laga om at dei kan sende fleire danseleiarar.

Sak 18/19 – Kurs for lagleiarar/kasserarar i Indre Sogn.

Kurset er tenkt i tidsrommet 24.- 27. april. Ein vil bruke eit av hotella i Sogndal. På lærarskulen har dei digitale hjelparar, Lise vil høyre om dei kan hjelpe til på kurset. Lise sender innbyding til laga, dei kan sende 2 -3 stk.

Sak 19/19 – Dansetreffet 1.-3. oktober Kvikne hotell, Balestrand.

Vi har snakka med Balestrand seniordans om underhaldning og dansemusikk til treffet.

Vi diskuterte ev. underhaldning. Arbeider vidare med punktet. Sender innbyding til laga sist i april – tidleg i mai. Påmeldinga er ikkje bindande, men det er viktig å ha så korrekte tall deltakarar som råd er.

Sak 20/19 – Kurs 2019. Roundskurs. Laste ned musikk.

Må ha gått grunnkurs. Må laste ned musikk sjølv, men det er spilt inn ein DVD.

Sak 21/19 – Samarbeid med SN Hordaland. Regionleiar i SN Hordaland, Bjørg H. Gravdal, har teke kontakt ang.samanslåing av fylka våre og ev anna samarbeid. Det kan  vere aktuelt med samarbeid med Hordaland.

Sak 22/19 – Eventuelt.

Ola Hatlestad er vald som  seniordansen sin representant i Studieforbundet kultur og tradisjon på fylkesplan. Ola orienterte om Studieforbundet.

Sak 23/19 – Orientering.

Lise orienterte om svar på brev til Seterlien.

Orientering frå regionleiarmøtet/landsmøtet mars 2019.

Kurs – DMU orienterte.

Nytt grunnkurs. 12 danser. Musikere som spelar inn musikken.

Januar 2020 – 1.grunnkurs over 2 dager.

Haust 2020 – 2. grunnkurs over 2 dagar

Dansenøkkel til grunnkurs, rounds og linedans.

Roundskurset til hausten.

Studieforbundet.

Kan få internrevisjon. Ny sats, 98 kr.timen.

Kva vil samanslåing av fylka ha å seie for studieforbunda regionalt?

Uvisst om kva som vil skje.

Rekruttering.

Gruppearbeid, men lite nytt. Landsstyret har sett av100 000 kr

til eit rekrutteringsprosjekt. Oslo, mest sannsynleg. Nye grupper.

Nedgang i medlemstalet på landsplan i 2018 på 272. Frå 10723 til 10451. Nesten ikkje nedgang i talet på grupper.

Momskompensasjon. Må ha med: Namn på gruppa, kontonr., revidert rekneskap, underskrift frå kasserer og leder, utgifter på meir enn 20 000 kr. Må vere registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundregisteret (samordnet registrering)

Regnskapsfører i Seniordans Norge : BENTE SKEDSMO –

bente.skedsmo@seniordans.org.

Vert utbetalt i midten av desember.

Møtet heva kl. 13.40.

Helene Leknes – skrivar.

  

 

Protokoll frå årsmøtet 2018.

Møtet vart halde på Thon Hotel, Skei, onsdag 13.02.2019.

Utsendingane møtte kl. 11.00 til kaffi og rundstykke og ein liten prat med vener og kjende. Årsmøtet tok til kl. 12.00 i samsvar med innkallinga.

Sak 1. Opning: Leiar  Lise Tennebø  opna årsmøtet og ønskte velkomen.

 

Sak 2. Godkjenning av innkallinga:

Innkallinga vart godkjend

 

Sak 3. Godkjenning av utsendingane.

Namneopprop:

Desse møtte som utsendingar: Askvoll:  Magnhild  Reed Ask , Margrete Økland. Atløy: Dagfinn Mjåseth, Jonlaug Norheim. Breim: Anni Felde, Jofrid Håheheim.  Fjaler: Ruth Skadal, Jakob Åse.  Fjærland: Gunvor Haugen, Kirsten Tufte. Florø: Bjørg Holmen, Erli Trollebø Nesje. Førde: Gunnstein Kvåle. Førdefjorden: Aud Jakobsen.  Gaular: Tove Hjelle Senneset, Ruth Ullebust. Gloppen:  Kjersti Marie Imerslund, Wenche Søreide. Jølster: Erna Osvoll, Sigrun Svidal. Kolset: Brita Haugland, Åshild Leirgulen. Kyrkjebø: Oddborg Klævold, Aud Ljotebø.  Lærdal: Anne Karin Damstuen, Torbjørg Takle.  Naustdal: Sidsel Grimseth, Atle Falkenstein. Sogndal: Orlaug Kvåle, Olbjørg Tufte. Svelgen: Liv Nybø, Anne Lise Gilleshammer,  Vik: Gyda Gren, Bjørg Hope. Vikane: Halldis Flølo, Brit J. Drageset  Viksdalen: Åsta Hoff Hatlestad, Målfrid Råheim. Vågsøy: Elsa Iversen, Else Kvalheim. Årdal: Inga Lingjerde, Marie Borlaug. Regionstyret: Lise Tennebø, Helene Leknes, Ola Hatlestad, Annemor Helle, Modulf Førde. Som  observatørar møtte: Kjellfrid Bauge, Askvoll. Ivar Klævold og  Elsi Berge, Kyrkjebø. Audun Takle, Lærdal. Hildur Dvergsdal og Turid Kvåle, Sogndal. I alt 53 frammøtte. 10 lag hadde ikkje sendt utsendingar.

Dette skuldast m.a. rasfare og glatte vegar.

Sak 4. Val av referent: Helene Leknes

Sak 5. Val av to til å skrive under møteprotokollen: Magnhild Reed Ask, Aud Jacobsen.

 

Sak 6. Val av møteleiar: Lise Tennebø.

 

Sak 7. Årsmelding for 2018:

Lise Tennebø las årsmeldiga. Ingen merknad.

 

Sak 8. Rekneskap for 2018

Kasserar Ola Hatlestad las og kommenterte rekneskapen, som syner eit underskot på

- 19664,23 kr.  

Rekneskapen vart godkjend.

 

Sak 9 Budsjett 2019

Budsjett 2019-SENIORDANS NORGE, REGION SOGN OG FJORDANE

 

Konto Utgifter 2019 Inntekter 2019 Netto 2019
Drift lag - Ref medlp.  5 000  68 000  63 000
Styre  25 000   - 25 000
Årsmøte  21 000  10 000  - 11 000
Landsmøte  8 000    - 8 000
Danseleiartreff 20 000  20 000  -
Dansetreff 2019  50 000 38 000  - 12 000
Lagleiarmøte/Datakurs  7 000    - 7 000
   136 000 136 000  0

 

Styret sitt budsjettframlegg vart godkjend.

 

Vedtak i samband med budsjettet:

  • Påmeldingsgebyret til dansetreffet vert auka til kr. 150.
  • Regionleiar får ei godtgjersle på kr. 2000

 

 

Sak 10. Arbeidsplan for 2919.

Kurs i NT 2018                             02.februar                                   Borgja, Ålhus i Jølster

Årsmøte                                        13. februar                                  Thon Hotel  Jølster

Grunnkurs 3 og 4                          09. - 10. mars                             Borgja, Ålhus i Jølster 

Regionleiarmøte/landsmøte     18. - 19. mars                               Clarion Hotel Oslo airport.

Kurs i NT 2018                               23. mars                                     Borgja, Ålhus i Jølster

Datakurs/lagleiartreff                  april                                             Sogndal

Danseleiartreff                              06. april                                       Borgja, Ålhus i Jølster

Dansetreff                                     1. - 3. oktober                              Kvikne Hotel, Balestrand

Eventuelle kurs hausten 2019 kan komme i tillegg.

Det kom ynskje frå Førde seniordans om eit kurs i sittedans.       

Arbeidsplanen vart godkjend

 

Sak 11. Val

I samsvar med valnemnda sitt framlegg vart desse valde:

Styret:

Leiar: Lise Tennebø, Vågsøy seniordans, vald for 1 år, attval

Styremedlem: Modulf Førde, Bremanger seniordans , vald for 2 år, attval

Styremedlem: Helene Leknes, Førdefjorden seniordans, vald for 2 år, attval

Styremedlemer Ola Hatlestad og Anna Elise Helle var ikkje på val.

Styret konstituerer seg sjølve.

Vara til styret:

  1. 1. Elsi Berge, Kyrkjebø seniordans – attval for 2 år
  2. 2. Ola Bortne, Kolset seniordans – attval for 1 år
  3. 3. Kolbjørn Bergset, Jølster seniordans – attval for 1 år

Val av rekneskapskontrollørar:

Johannes Lundekvam, Sande – attval for 1 år

Magny Thorsen, Dale – attval for 1 år

 

Val av valnemnd:

Gunnvor Haugen, Fjærland seniordans, vald for 2 år

Anne Lise Gilleshammer, Svelgen Seniordans, Ikkje på val

Vara: Erli Gudrun Trollebø Nesje, Florø seniordans, vald for 1 år.

Sak 12. Val av utsendingar til landsmøtet:

Regionleiar Lise Tennebø.

Styremedlem i Regionstyret Modulf Førde.

Styret vel vararepresentant.

 

Sak 13. Endring av vedtektene

Framlegg til endringar i vedtektene for seniordans Norge, region Sogn og Fjordane.

  • Namnet på regionen blir endra til: Seniordans Norge, Region Sogn og Fjordane. Det er det namnet vi er registrert med i Brønnøysundregisteret (ingen forkorting)
  • Vedtektsendring blir tatt med i vedtektene.
  • 2.7- Besøke dansegruppene…… gjerne kvart år går ut. Skapar forventningar om ein aktivitet vi ikkje har økonomi eller kapasitet til å følgje opp.
  • Årsmøte. 4.1 2- 3 utsendingar endrast til 2 utsendingar.
  • Val 6.1 endrast til: Årsmøtet fastset kor mange medlemer styret skal ha. Styret i Seniordans Norge, Region Sogn og Fjordane har ein styreleiar og 4 styremedlemer.
  • 6.2 endrast til: Velje styre og 3 varamedlemer.
  • Det er styret som legg fram forslag til valnemd. Difor er vårt framlegg til endring: 6.3. Velje 2 personar og 1 vara til valnemda etter framlegg frå styret .

( Berre ei presisering  jfr. Landstyret sine oppgåver pkt. 6.8 )

Vedtak: Endringane av Vedtekene for Seniordans Norge, Region Sogn og Fjordane, vart godkjend.

Møtet slutt kl. 13.30                                                              Helene Leknes, skrivar

 

Aud Jacobsen                          Magnhild Reed Ask                            Lise Tennebø, regionlear

 

 

Vedlegg til protokollen:

1. Årsmelding, 2. Rekneskap, 3. Vedtektene

SN Region Sogn og Fjordane – Årsmelding 2018

 

Styremedlemer i 2018:

Leiar: Lise Tennebø, Vågsøy seniordans

Nestleiar: Annemor Helle, Askvoll seniordans

Kasserar: Ola Hatlestad, Viksdalen seniordans

Sekretær: Helene Leknes, Førdefjorden seniordans

Styremedlem, Modulf Førde, Bremanger seniordans.

Lise Tennebø har også vore webredaktør.

Varamedlemer: Elsi Berge, Kyrkjebø seniordans, Olav Bortne, Kolset seniordans og                        Kolbjørn Bergset, Jølster seniordans.

Rekneskapskontrollørar: Johannes Lundekvam, Sande og Magny Thorsen, Dale

Valnemnd: Anne Lise Gilleshammer, Svelgen seniordans og

Gudleik Hovland, Luster seniordans.

Vara til Valnemnda: Gunvor Haugen, Fjærland seniordans.

Representasjon: Lise Tennebø og Helene Leknes var utsendingar til regionleiarmøtet/landsmøtet i april.

Ola Hatlestad har vore styremedlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Styremøte.

Det har vore halde 6 styremøte og behandla 42 saker. Styremøta har vore haldne på Sunnfjord museum, unnateke styremøte 28. februar, som vart halde i Førde. Alle referata frå styremøta kan de finne på heimesida.

Danseringar og medlemstal.

Det er registrert  31 danseringar. Medlemstalet er omlag det same som i fjor, men fleire av ringane slit med nyrekruttering. Ein av danseringane har ikkje hatt aktivitet siste halvåret, og står no oppført med 0 medlemer. Det er god aktivitet i dei fleste ringane.

Danseleiartreff.

For andre gong var det regionstyret som sto for danseleiartreffet. Utdaningsleiar Gunn Øygard var instruktør, og treffet var svært vellukka. Heile 88 danseleiarar deltok i treffet som vart arrangert i Borgja på Ålhus i Jølster. Regionstyret hadde leigd inn hjelp på kjøkenet.

 

Lagleiartreff/datakurs.

Også på siste årsmøte kom det opp ønskje om lagleiartreff/datakurs. Desse lagleiartreffa var ikkje med i budsjettet, men med eit solid overskot frå tidlegare år, sette regionstyret i gang med planlegginga. Regionstyret har hatt to treff, eit for Nordfjordregionen i Måløy og eit for Sunnfjordregionen/Ytre Sogn i Førde. Vonar alle fekk noko ut av treffa, sjølv om det ikkje er lett å ha datakurs der nivået på deltakarane er så ulikt. Det er planlagt eit treff i Sogndal for indre Sogn i april.

 

Dansetreff.

Dansetreffet 2018 blei arrangert på Hotel Alexandra, Loen, 2. – 4. oktober med 248 betalande dansarar. Vi dansa i fire salar, og hovudinstruktør i år som i fjor var Ragnar Spiten. Utdaningsleiar Gunn Øygard  var instruktør tysdag og onsdag. I tillegg stilte fleire av våre eigne danseleiarar  opp, og alle gjorde ein god jobb. Takk til alle som stilte som instruktørar og gjorde at dansetreffet vart så vellukka. Dansetreffet vart ca 10 000 kr dyrare enn budsjettert, så påmeldingsgebyret bør aukast til 150 kr.

 

Kurs.

Grunnkurs  4                          03.-04. september                   i Jølster  – 31 deltakarar

Swing, ring og andre ting       01. september                         i Fjærland – 31deltakarar

Swing, ring og andre ting       08. september                         i Fjærland – 30 deltakarar

Swing, ring og andre ting       09. september                        i Fjærland – 27 deltakarar

Grunnkurs 1                           22. – 23. september                i Fjærland – 15 deltakarar

Grunnkurs 2                           03. – 04. november                 i Fjærland – 8 deltakarar

Swing, ring og andre ting var svært populære kurs med nesten 90 deltakarar til saman, så no swingar det vel rundt om i dei fleste danseringane. Vonar kurset var til inspirasjon for

å rekruttere nye dansarar til danseringane.

 

Besøk i laga

Leiar Lise Tennebø har vore på to 15 års jubileum, hos Gloppen seniordans og Askvoll seniordans. Begge var flotte og stilige arrangement med mykje god mat og hyggeleg seniordans.

 

Heimesida

Årsmelding og møtereferat frå styremøta er lagt ut på heimesida. Nokre få lag er flinke til å sende referat og bilde frå aktivitetar. Desse blir lagt ut, men skulle ønskje at fleire lag sende stoff frå turar, danseøvingar og andre aktivitetar.

 

 

Sluttord

Også i året som gjekk har det vore stor aktivitet i regionen. Regionstyret har ansvar for to store arrangement, danseleiartreffet og dansetreffet.  Begge arrangementa krev ein del arbeid, men med god fordeling av arbeidsoppgåvene har arrangementa gått greitt. Takk til styremedlemer for godt samarbeid!

Kvar veke møtast hundrevis av seniorar til dans. Det gjev både livsglede og betre helse.

Nokre lag slit med rekrutteringa, og idear til å få fleire med i dette gode fellesskapet tar vi gjerne imot.

Takk til alle dansarar, instruktørar og styremedlemer i dansegruppene  for godt samarbeid dette året.

Takk også til utdaningsleiar Gunn for godt samarbeid og gode kurs!

 

Måløy

Lise Tennebø, regionsleiar                                                                       

 

   Vedtektene vedlegg 3

VEDTEKTER FOR SENIORDANS NORGE, REGION SOGN OG FJORDANE. 

vedteke på årsmøtet på Skei 13. februar 2019.

Vedtektene frå 18.02. 2012 er endra 4.02. 2015, 12.02. 2018 og 13.02. 2019

Organisasjonen sitt namn: Seniordans Norge, Region Sogn og Fjordane

Org.nr. 912 655 377

Regionen blei stifta 06.12.2003

  1. Regionen er ei samanslutning av alle dansegruppene i Sogn og Fjordane
  2. Føremål

2.1. Fremje seniordans i regionen og vere bindeledd mellom   Seniordans Norge og gruppene.

2.2. Utdanne danseleiarar i seniordans og sittedans, slik at desse kan gje medlemene opplæring i eit utval dansar. Skape positivt læringsmiljø der trivsel og meistring står i fokus. I tillegg spreie kunnskap om den helsefremjande verknaden seniordans har.

2.3. Fremje godt miljø i organisasjonen, med openheit, medbestemming og inkludering, slik det går fram av Seniordans Norge sine etiske retningslinjer.

2.4. Saman med utdanningsansvarleg planlegge kurs for danseleiarar, etter innspel frå gruppene i regionen

2.5. Gjennomføre treff for gruppeleiarar og danseleiarar, samlingar, turar og liknande som kan stimulere til seniordans og sosialt samvær.

2.6. Ta initiativ til å starte og følgje opp nye grupper.

2.7. Besøke dansegruppene i regionen.

2.8. Årsmøtet kan fastsetje eigne reglar når desse ikkje er i strid med sentrale vedtekter.

  1. Kontingent

3.1. Regionane får ein kontingentrefusjon pr. medlem frå Seniordans Norge, fastsett av landsmøtet.

  1. Årsmøtet

4.1. Årsmøtet er regionen sitt høgaste organ, og blir halde innan utgangen av februar. Det  blir kalla inn 2 utsendingar frå kvar dansegruppe med 4 vekers varsel til gruppene i regionen. Frist for framlegg er 2 veker før møtet. Sakliste med sakspapir og framlegg frå valnemnda skal vere tilgjengeleg for dansegruppene 1 veke før møtet.

4.2. Alle frammøtte utsendingar og styret har stemme-, tale-, og framleggsrett.

4.3. Andre medlemer kan møte som observatørar etter påmelding.

  1. 5. Dagsorden for årsmøtet

5.1. Opning med godkjenning av innkalling og sakliste.

5.2. Val av møteleiar, referent og 2 til å skrive under referatet  saman med møteleiar.

5.3. Årsmelding.

5.4. Revidert rekneskap.

5.5. Framlegg frå styret og gruppene.

5.6. Arbeidsplan og budsjett.

  1. 6. Val

6.1. Årsmøtet fastset kor mange medlemer styret skal ha.

Styret i Seniordans Norge, region Sogn og Fjordane, har styreleiar og 4 styremedlemer

Årsmøtet skal:

6.2. Velje styre og 3 varamedlemer. Leiar blir vald for 1 år, dei andre blir valde for 2 år.

6.3. Velje 2 personar og 1 vara til valnemnd etter framlegg frå styret.

6.4  Velje  2 rekneskapskontrollørar, ev. 1 godkjend revisor.

6.5. Velje 2 utsendingar med vara til Landsmøtet. Regionleiar bør vere ein av desse.

  1. 7. Styret har ansvar for

7.1. At sentrale reglar blir følgde.

7.2. Drift og planlegging fram i tid.

7.3. Aktivitetar, sjå pkt. 2.

7.4. Å halde god kontakt med gruppene.

7.5. Å samarbeide med andre regionar om mellom anna framlegg til Landsstyret og Landsmøtet.

7.6. Å sørgje for at konfliktar blir løyste raskt.

7.7. Leiar og kasserar saman har signaturrett i alle gruppa sine saker. Begge har tilgang til bankkonti.

7.8. Sende årsmelding og rekneskapsmelding til Seniordans Norge.

  1. 8. Vedtak om rettleiande retningsliner krev berre alminneleg fleirtal.
  1. 9. Ekstraordinært årsmøte

Dette skal haldast når styret eller ein fjerdedel av dansegruppene krev det. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame dei sakene som er oppførde på innkallinga. Fristar og reglar elles er som ved vanleg årsmøte.

  1. 10. Oppløysing

skal vedtakast på 2 påfølgjande årsmøte med minst ¾ fleirtal av frammøtte med stemmerett. Det eine årsmøtet kan vere ekstraordinært. Det skal oppnemnast ein komité med mandat frå årsmøtet til å styre avviklinga.

  1. 11. Iverksetjing

Vedtektene blir gjeldande etter årsmøtet.

          

 

SN REGION SOGN OG FJORDANE

 

Referat frå årsmøtet 2017.

Møtet vart halde på Thon hotel, Skei, mandag 12.02.2018.

Utsendingane møtte kl. 11.00 til kaffi og rundstykke og ein liten prat med vener og kjende. Årsmøtet tok til kl. 12.00 i samsvar med innkallinga.

 

Vedlegg 1 til Protokollen frå årsmøtet.

 

 

SN REGION SOGN OG FJORDANE - ÅRSMELDING og REKNESKAP 2017

 

Styremedlemer i 2017 har vore:                           

Leiar: Gunvor Haugen, Fjærland Seniordans, nestleiar/sekretær/webredaktør: Lise Tennebø, Vågsøy Seniordans, kasserar: Ola Halestad, Viksdalen Seniordans, kursansvarleg: Erna Osvoll, Jølster Seniordans, styremedlem: Helene Leknes, Førdefjorden Seniordanselag.

Varamedlemer: Annemor Helle, Askvoll Seniordanselag, Elsi Berge, Kyrkjebø Seniordans, Olav Bortne, Kolset Seniordans.

 

vedlegg 2 til protokoll frå Årsmøtet 2017

 

VEDTEKTER FOR REGION SOGN OG FJORDANE I SENIORDANS NORGE

vedteke på årsmøtet på Skei 12. februar 2018.

Organisasjonen sitt namn: SN Region Sogn og Fjordane

Org.nr. 912655377

Regionen blei stifta 06.12.2003

 

  1. Regionen er ei samanslutning av alle dansegruppene i Sogn og Fjordane
  2. Føremål  

 

Referat frå styremøte 06. juni 2017.

Møtet vart halde på Sunnfjord museum, Halbrendhuset, kl. 11.00

Desse møtte:
Gunvor Haugen, Erna Osvoll, Helene Leknes, Ola Hatlestad, Lise Tennebø, Elsi Berge og Anna Elise Helle.

Sak 17/17Godkjenning av referat frå styremøte 22. februar 2017
Ingen merknad til referatet

Sak 18/17 - Godkjenning av innkallinga
Ingen merknad til innkallinga.

Sak 19/17 – Danseleiartreffet 29. april 2017

Evaluering:

Alt i alt mykje skryt både av Borgja som perfekt dansesal, god mat, fordeling av tid på dei ulike øktene og Gunn sin måte å instruere på.


• Alle meinte at Borgja var ein passande stad for danseleiartreffa.
• Dei fleste meinte at det var nok teori.
• Gunn får mykje ros for å smette inn gode råd undervegs i dansane.
• Passande starttidspunkt, men nokre meinte at ein kunne halde på litt lengre.

Organisering:


Ein har ikkje fått inn alle rekningane, men slik det ser ut går ikkje danseleiartreffet i minus.
Regionsstyret står for danseleiartreffa, og Borgja blir fast treffstad. Då ein ikkje har eit lag som gjer dugnadsarbeid, leiger ein inn nødvendig hjelp.


For danseleiartreffet 2017 utgjer dette 3000 kr.

 

Utsendingane møtte kl. 11 til kaffi og rundstykke, og ein liten prat med vener og kjende. Årsmøtet tok til kl. 12 i samsvar med innkallinga. Leiaren ynskte møtelyden velkomne, og tykte det var kjekt at så mange var møtt fram.

Sak 1. Godkjenning av innkallinga: Ingen merknad

Sak 2. Godkjenning av utsendingane, namneopprop:

Desse møtte: Askvoll Seniordanselag: Magnhild Reed Ask og Solveig Sølvberg, Atløy Seniordans: Dagfinn Mjåseth og Einar Landøy, Balestrand Seniordans: Anny Urtegård og Olga Jorddal, Breim Seniordans: Jofrid Håheim og Dagrun Holst, Bremanger Seniordans: Modulf Førde og Agnes Lisæter, Eid Seniordans: Målfrid Ekroll og Betsy Hellebust, Fjaler Seniordans: Svein Brattelid og Magni Thorsen, Fjærland Seniordans: Gunvor Haugen og Berit Orheim, Florø Seniordans: Bjørg Holmen og Bjørg Stavang, Førde Seniordans: Solrun Ullaland og Gunnstein Kvåle, Førdefjorden Seniordanselag: Karin Lucka-Fromm og Magnhild Hegrenes, Gaular Seniordans: Ann og Johannes Lundekvam, Gloppen Seniordans: Kjersti Imerslund og Marit Helgheim, Gulen Seniordans: Jakob og Margot Rutledal, Jølster Seniordans: Agda Aasen og Johanna Steinheim, Kolset Seniordans: Paul Midtbø, Kyrkjebø Seniordans: Oddborg Klævold og Aud Ljotebø, Luster Seniordans: Liv Helen Nystuen og Kristen Alsmo, Lærdal Seniordans: Torbjørg Takle og Anna Kristine Damstuen, Naustdal Seniordans: Aud Kleiva og Helga Slettehaug, Svelgen Seniordans: Anne Lise Gilleshammer og Olga Aarsnes, Vikane Seniordans: Randi Bjørseth og Gjertrud Heggdal, Viksdalen Seniordans: Marit Alme og Åsta Hatlestad, Vågsøy Seniordans: Magna Kvalheim og Lise Tennebø, Regionstyret: Olaug Bakke Gjengedal, Audun Takle, Ola Hatlestad, Erna Osvoll og Helene Leknes. Vara til styret: Anna Elise Helle, Elsi Berge og Olav Bortne. Valnemnd: Martin Lindvik og Bjørg Lofnes. I tillegg møtte Henny Haugstad, Askvoll, og Ivar Klævold, Kyrkjebø, som observatørar. I alt 59 frammøtte.   9 lag hadde ikkje sendt utsendingar.

Sak 3. Val av referent: Audun Takle

Sak 4. Val av to til å skrive under møteprotokollen: Torbjørg Takle og Anna Kristine Damstuen

Sak 5. Val av møteleiar: Olaug Bakke Gjengedal

Sak 6. Årsmelding for 2016: Leiaren las og kommenterte årsmeldinga. Meldinga blei samrøystes godkjend utan merknader.

Sak 7. Rekneskapen for 2016: Kasseraren las og kommenterte rekneskapen som syner eit overskot på kr. 12 142,80. Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

Sak 8. Budsett for 2017: Styret sitt budsjettframlegg som balansera med eit underskot på kr. 2000,-,vart samrøystes godkjend.

Sak 9. Arbeidsplan for2017: 

Grunnkurs 1 : ...............................4. og 5. mars.....................Helgatun

ISDC 2016: .................................18. og 19. mars...................Borgja

Danseleiartreff: ............................          25. mars...................Borgja

Grunnkurs 2: ...............................  1. og 2. april  ....................Borgja

Regionleiarmøte og landsmøte: ....24. og 25. april Clarion Hotel &Congress

Grunnkurs 3: ...............................16. og 17. sept. ..................Helgatun

Dansetreff: ...................................4. til 6. okt. ...Scandic Sunnfjord Hotell

Grunnkurs 4: ................................21. og 22. okt. ...................Helgatun

Ovannemnde arbeidsplan vart godjend, men Gunnstein Kvåle etterlyste meir fagleg innhald i danseleiartreffet, og ikkje berre dans. Han sa det var 4. gongen han tok dette opp. Det vart stilt spørsmål om det kan vere aktuelt å skipe til treff for gruppe-leiarane. Desse sakene må det nye styret ta standpunkt til. Det nye styret skal også velje utsendingar til Landsmøtet.

Sak 10. Val: Olaug Bakke Gjengedal og Audun Takle hadde sagt frå seg attval. I samsvar med valnemnda sitt framlegg vart desse valde:

Leiar: ...............................Gunvor Haugen, Fjærland Seniordans. Vald for 1 år (Ny)

Styremedlem: .................Lise Tennebø, Vågsøy Seniordans.       Vald for 2 år (Ny)

Kursansvarleg: ...............Erna Osvoll, Jølster Seniordans            Ikkje på val

Kasserar:  .......................Ola Hatlestad, Viksdalen Seniordans.   Ikkje på val

Styremedlem: .................Helene Leknes, Førdefjorden Seniordanselag. Ikkje på val.

 

Vara til styret: .................1. Anna Elise Helle, Askvoll Seniordanselag ( attval, 1 år)

                                          2. Elsi Berge, Kyrkjebø Seniordans ( attval, 1 år)

                                          3. Ola Bortne, Kolset Seniordans ( attval, 1 år)

Revisorar: ........................Johannes Lundekvam, Gaular Seniordans ( attval, 1 år)

                                                Sidsel Ødven, Gaular Seniordans ( attval, 1 år)

Valnemnd: ........................Leiar: Gunnstein Kvåle, Førde Seniordans 1 år (ny)

                                           Gudleik Hovland, Luster Seniordans (attval)

                                           Klara Vindenes, Askvoll Seniordanselag (attval)

                                           Vara: Anne Lise Gilleshammer, Svelgen seniordans (ny)

Erna Osvoll orienterte litt om sitjedans, og Gloppen Seniordans skal arrangere sitjedanskurs den 11. mars.

Olaug takka Audun Takle for dei 8 åra han har vore i styret, og gav han ein fin omtale og blomar. Audun takka, og sa at det hadde vore eit godt samarbeid frå dag ein, og at det var ein veneflokk som samlast til møte

Olaug takka også alle medarbeidarane sine for godt samarbeid desse 5 åra ho har vore leiar. Ho retta ei serskild takk til Gunnstein Kvåle for det arbeidet han har gjort for Regionen.

Til slutt heldt Erna ein fin og velfortent takketale for Olaug for den glimrande leiaren ho har vore. Møtelyden slutta seg til med ståande applaus. Ho fekk også til minne 2 handlaga krus og ein lysestake som var laga av Kari Astrup.

 

Møtet slutt kl. 13.30

 

Audun Takle

  skrivar

 

                                    Torbjørg Takle                    Anna Kristine Damstuen

                                         sign                                     sign             

 

Referat fra styremøte 22. februar 2017.

Møtet ble holdt på Sunnfjord museum, Halbrendhuset, kl. 11.00.

Disse møtte:

Gunvor Haugen, Erna Osvoll, Helene Leknes, Ola Hatlestad, Lise Tennebø, Elsi Berge og  

Anna Elise Helle.

Sak 10/17 – Godkjenning av innkalling:

Ingen merknader til innkallinga. 

Sak 11/17 – Konstituering

Leder: Gunvor  Haugen (valgt på årsmøtet)

Nestleder, skriver og webredaktør : Lise Tennebø

Kasserer : Ola  Hatlestad

Kursansvarlig: Erna Osvoll

Styremedlem: Helene Leknes

Referat frå styremøtet den 25. jan. 2017 i SN Region Sogn og Fjordane.
Møtet vart halde på Scandic Sunnfjord Hotel, og tok til kl 12.
Desse møtte: Olaug Bakke Gjengedal, Erna Osvoll, Ola Hatlestad, Helene Leknes, Anna Elise Helle, Elsi Berge og Audun Takle.

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)