header-sognfjordanex1020

Styremøte onsdag 27.03.2019  kl. 12.00 på Sunnfjord museum, Haldbrendhuset.

 

Sak 15/19 Godkjenning av innkalling og sakliste.

Godkjend.

Sak 16/19- Godkjenning av protokoll frå styremøte 13.02.2019.

Godkjend.

Sak 17/19 – Danseleiartreffet 06.april.

Ola gjekk gjennom påmeldinga til treffet. Det er ca. 50 påmelde mot 90  i 2018.

Vi var einige om å forlenge påmeldingsfristen til 01.april. Lise sender ut skriv til laga om at dei kan sende fleire danseleiarar.

Sak 18/19 – Kurs for lagleiarar/kasserarar i Indre Sogn.

Kurset er tenkt i tidsrommet 24.- 27. april. Ein vil bruke eit av hotella i Sogndal. På lærarskulen har dei digitale hjelparar, Lise vil høyre om dei kan hjelpe til på kurset. Lise sender innbyding til laga, dei kan sende 2 -3 stk.

Sak 19/19 – Dansetreffet 1.-3. oktober Kvikne hotell, Balestrand.

Vi har snakka med Balestrand seniordans om underhaldning og dansemusikk til treffet.

Vi diskuterte ev. underhaldning. Arbeider vidare med punktet. Sender innbyding til laga sist i april – tidleg i mai. Påmeldinga er ikkje bindande, men det er viktig å ha så korrekte tall deltakarar som råd er.

Sak 20/19 – Kurs 2019. Roundskurs. Laste ned musikk.

Må ha gått grunnkurs. Må laste ned musikk sjølv, men det er spilt inn ein DVD.

Sak 21/19 – Samarbeid med SN Hordaland. Regionleiar i SN Hordaland, Bjørg H. Gravdal, har teke kontakt ang.samanslåing av fylka våre og ev anna samarbeid. Det kan  vere aktuelt med samarbeid med Hordaland.

Sak 22/19 – Eventuelt.

Ola Hatlestad er vald som  seniordansen sin representant i Studieforbundet kultur og tradisjon på fylkesplan. Ola orienterte om Studieforbundet.

Sak 23/19 – Orientering.

Lise orienterte om svar på brev til Seterlien.

Orientering frå regionleiarmøtet/landsmøtet mars 2019.

Kurs – DMU orienterte.

Nytt grunnkurs. 12 danser. Musikere som spelar inn musikken.

Januar 2020 – 1.grunnkurs over 2 dager.

Haust 2020 – 2. grunnkurs over 2 dagar

Dansenøkkel til grunnkurs, rounds og linedans.

Roundskurset til hausten.

Studieforbundet.

Kan få internrevisjon. Ny sats, 98 kr.timen.

Kva vil samanslåing av fylka ha å seie for studieforbunda regionalt?

Uvisst om kva som vil skje.

Rekruttering.

Gruppearbeid, men lite nytt. Landsstyret har sett av100 000 kr

til eit rekrutteringsprosjekt. Oslo, mest sannsynleg. Nye grupper.

Nedgang i medlemstalet på landsplan i 2018 på 272. Frå 10723 til 10451. Nesten ikkje nedgang i talet på grupper.

Momskompensasjon. Må ha med: Namn på gruppa, kontonr., revidert rekneskap, underskrift frå kasserer og leder, utgifter på meir enn 20 000 kr. Må vere registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundregisteret (samordnet registrering)

Regnskapsfører i Seniordans Norge : BENTE SKEDSMO –

bente.skedsmo@seniordans.org.

Vert utbetalt i midten av desember.

Møtet heva kl. 13.40.

Helene Leknes – skrivar.

  

 


Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)