header-sognfjordanex1020

Kasserar: Ola Hatlestad, Skrivar: Helene Leknes, Vara til styret: Elsi Berge, Leiar og webredaktør: Lise Tennebø, Nestleiar: Annemor Helle, Styremedlem: Modulv Førde.
Styret i SN sogn og Fjordane

 

Styremedlemmer

Leiar                                       Olaug Bakke Gjengedal, Gloppen Seniordans

Kasserar                                 Ola Hatlestad, Viksdalen Seniordans

Sekretær                                 Audun Takle, Lærdal Seniordans

Kursansvarleg                         Erna Osvoll, Jølster Seniordans

Styremedlem                          Helene Leknes, Førdefjorden Seniordanselag

  SNRegion Sogn og Fjordane

 

Årsmelding 2015

 

Styremedlemmer

Leiar                                       Olaug Bakke Gjengedal

Kasserar                                 Ola Hatlestad

Sekretær                                Audun Takle

Kursansvarleg                        Erna Osvoll

Styremedlem                         Helene Leknes

Varamedlemmer

  1. Anna Elise Helle 2. Elsi Berge 3.Moses Sandal

 

Valkomite

Modulf Førde (leiar) , Martin Lindvik og Bjørg D. Lofnes Vara: Gudleik Hovland

  Styremøte

Det har vore 3 styremøte med til saman 22 saker. Dei viktigaste oppgåvene for styret har vore å førebu  årsmøtet og å  planlegge danseleiartreffet og dansetreffet.

Danseringar og medlemstal

Den 1.januar 2015 var 34 danseringar i regionen innmelde i Seniordans Noreg. Medlemstalet var då 725. Ingen nye danseringar har kome til i 2015. Kontaktliste med medlemstalet 31.01.2016 blir delt ut på årsmøtet.

Danseleiartreff

Lærdal Seniordans inviterte til danseleiartreff  7. mars. Trass i dårleg ver og lang reise, var det 36 deltakarar. Treffet var godt planlagt og gjennomført.

Dansetreff

Dansetreffet i år var  på  Hotel Alexandra i Loen. Over 400 melde interesse i første omgang, men det endelege deltakartalet var 305. Ragnar Spiten, leiar i DMU , og utdanningsleiaren vår ,Gunn Øygard, var hovudinstruktørar i år også. Dessutan instruerte  Gunnstein Kvåle, Lena Eide, Annemor Helle, Helene Leknes, Marit Alme, Åsta Oppedal, Oddborg Klævold, Elsi Berge og AtleTennebø. Fyrste dagen dansa vi i 5 grupper, seinare i 4. Alle instruktørane gjorde ein svært god jobb, og vi er takksame for at dei var villege. Alle ynskjer vel helst berre å vere deltakarar. Men vi må nok satse på frivillege instruktørar i tillegg til dei tilsette, dersom vi skal ha så store arrangement. Vi hadde 8 timar seniordans på treffet, og i tillegg var det gammaldans om kveldane. Audun Takle og Arne Sjåstad spelte både til dans og allsong begge kveldane.Dansegrupper frå Askvoll og Vågsøy viste fram kvar sin dans, og Ragnar Spiten hadde sitjedans.

Det har vore mange positive tilbakemeldingar etter treffet.

 

 

10-årsjubileum

Naustdal Seniordans feira 10-årsjubileum 14. oktober med triveleg fest i Fossehalla, der også regionleiaren var invitert og kunne overrekke diplom og bordflagg, og blomehelsing frå regionen.

Kurs

Grunnkurs del 1                     7.-8. februar   Thon Hotel Jølster                  22 deltakarar

Grunnkurs del 2                     25.-26. april    Helgatun, Årdalen,                 24 deltakarar

Grunnkurs del 3                     19.-20. sept.    Helgatun, Årdalen,                 16 deltakarar

Grunnkurs del 4                     31. okt.-1. nov. Skei samfunnshus                  33 deltakarar

Sitjedanskurs på Skei             20. februar     avlyst

Sitjedanskurs på Kyrkjebø      21. februar     Kyrkjebø                                 13 deltakarar

Det har vore  imponerande mange kursdeltakarar også dette året. I ei tid når mange regionar slit med å  få nok deltakarar, vekkjer dette oppsikt. Kursansvarleg Erna Osvoll og utdanningsleiar Gunn Øygard skal ha stor honnør for arbeidet dei gjer.

Heimeside     

Regionen fekk heimeside i februar. Regionleiaren er redaktør, og nokre av laga har sendt inn stoff. Heimesida finn ein ved å gå inn på www.seniordans.no-web-Vestlandet –Sogn og Fjordane. Der kan ein finne styrereferat m.m.. Det er ynskjeleg at fleire sender inn stoff. De kan sende inn både tekst og bilde (kvar for seg) på e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Sluttord

Også 2015 har vore eit år med god aktivitet i regionen. Det blir dansa trutt og jamt kvar veke til glede for over 700 seniorar i regionen.

Takk til alle dansarar, instruktørar og styremedlemmer!

Og takk til regionstyret for godt samarbeid dette året også!

Vi gjer ein viktig innsats for folkehelsa.

Nå er utfordringa vår å få fleire til å bli glade i seniordansen!

Sandane 28. januar 2016

Olaug Bakke Gjengedal

-regionleiar-vvvvvv

 

R       Velkommen til 

 Region Sogn og Fjordane si heimeside! Ver ikkje redd for å klikke deg inn på sida og leite deg fram til det som ligg der.Eg er interessert i å få bilete og anna stoff frå dykk. Send det til mi e-postadresse: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Eg skal prøve å legge det inn.

Helsing frå regionleiaren,som også fungerer som webredaktør.

 

 

 

 

 

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)